PROGRAM

Program for 2017 kommer etter hvert!

Billetter

Billetter kjøpes på hoopla.no og Agdenes rådhus mån-fre kl 0830-1500 frå 16.juni. Billettsal frå 1 time før forestilling/ konsert. Korterminal både på rådhuset og ved forestilling/konsert.

TORSDAG 30.6.16

Kl 1600 FESTIVALOPNING
Grønningenparken, Lensvik sentrum.  Fri inngang.

Festivalopninga – ein liten forrett, der du får ein smak, ei aning kva årets festival vil innehalde. Hans Bollandsås, Lisa Ingdal, Magnus K Fremstad, Rikard Ingdal og sjølvsagt ordførar Oddvar Indergård.

Kl 1730 OPNING AV KUNSTUTSTILLING
Kraftstasjonen, Ingdalsfossen. Fri inngang.

Årets festivalkunstnar Inga Dalsegg, som jobbar med oljemaleri, teikningar og litografi, stiller ut i galleri kraftstasjonen under festivalen. Ta en sniktitt her: http://ingadalsegg.com/ Under galleriopninga blir det musikalsk innslag, og Geir Johan Nergaard leser.
Skjermbilde 2016-06-04 kl. 12.11.04

Torsdag 30. juni 17:30 – 19:00 (opning)
Fredag 1. juli 15:00 – 17:00
Lørdag 2. juli 12:00 – 15:00

Kl 1830 EIN KVELD MED BOB DYLAN
Lensvik samfunnshus, Gamle scene. Kr. 200,-

Skjermbilde 2016-05-31 kl. 12.13.32Bob Dylan har ein ufatteleg rikhaldig låtkatalog som spenner seg over meir enn 50 år. Kva handlar songane om, i kva tid vart dei skrevet, kva dreiv Dylan til dei vala han tok? Og ikkje minst – korleis har songane hans påverka oss? Kvifor har han fått ryktet som den viktigaste artisten, den mest innflytelsesrike artisten i populærmusikkens historie? Konserten blir ein dialog med songane til Dylan, mellom publikum og musikken med Hans Petter Nilsen som guide.

Hans Petter Nilsen – vokal
Knut Anders Vestad – keyboard   Sondre Meisfjord – bass
Gunnar A. Berg – gitar       Håkon M. Johansen – trommer
Hanne Eidsli Solheim – kor      Kristin Øyangen Lindberg – kor

Billetter.

Kl 2130 TORSDAG KVELD FRÅ INGDALEN
Ingdal forsamlingshus. Kr. 200,-            Parkering v/ Ingdalen Velforening. kr 50,-

_DSC7354

13055052_1126336064091693_2761844948289740328_o

Bok og Blues!

Rikard Ingdal har hausta gode kritikkar for romanen sin ”Hogst” som om ut på Aschehoug forlag i år. Han blir samanlikna med Hamsun og Vesaas. Ingdal skal  bokbadast i Ingdal forsamlingshus. Underhaldinga står Hans Bollandsås for. Bluesmusikaren frå Ler vann X-Faktor i 2010, og har sidan gitt ut fleire plater.

Rikard Ingdal
Audhild Øye – bademeistar
Hans Bollandsås – gitar og vokal
Håvard Sterten – trommer
Einar Mellingseter – gitar

Billetter.

FREDAG 1.7.16

Kl 1200 MANDARINSAFT
Lensvik samfunnshus. Barn kr 100,-   Vaksne kr 70,-

klatretreet_liggende_foto_jan_frode_haugseth-2Mandarinsaft spelar musikk for store og små, born og vaksne i alle aldrar. Duoen turnerar no med den nye plata si ”Mandarinsaft – i verdens hemmelige hage”, der dei tek publikum med seg inn i ein musikalsk hage, fylt med fantasi og glede. I den hemmelege hagen finst det eit tre som apekatten klatrar i kvar dag, og oppi treet kan han drøyme seg vekk og fantasere om all slags ting. Mandarinsaft synger låtar som: Godteri, Spinosaurus, Klatretreet, Ræserbil og Fiskelykke.

Gruppa består av Bendik Ulla og Even Moen Jenssen.

Billetter.

Kl 1400 VAFFELKONSERT
Agdenes Helsesenter. Fri inngang.

Dette er den eldste tradisjonen Kibnebfestivalen har; å opptre for dei som ikkje har moglegheit til å komme seg ut på konsert. I år kjem Lisa Ingdal og Magnus K. Fremstad og synger viser.

Kl 2000 Æ VIL HA DÆ NAKEN – EIN HOMMAGE TIL CORNELIS VREESWIJK
Lensvik samfunnshus, Gamle scene. Kr. 200,- (300,- ink. FREDAGSJAM)

Jubelbruset vil ingen ende ta – folk vil ha meir nakenheit! Suksessforestillinga ”Æ vil ha dæ naken” frå Trøndelag Teater er tilbake etter 15 år. Cecilia Lind, Fredrik Åkare, Veronica, Hönan Agda blir alle presentert i denne humoristiske framsyninga.

Den løsslupne kabareten sjarmerte med sin trønderske vri og lett dro med seg publikum i de fengende refrengene.
– Adresseavisen

Erik Wenberg Jacobsen – Øyvind Brandtzæg – Børge Pedersen

Billetter.

Kl 2200 FREDAGSJAM
Lensvik samfunnshus, Gamle scene. Kr. 150,- (100,- dersom man har billett fra Æ VIL HA DÆ NAKEN).

13255971_10154038536521131_7991710908745612425_nLos Lunas med Eilert Ottem i spissen, spelar  låtar av Stevie Wonder, Jimi Hendrix, Paul Simon og The Beatles. Musikarane har spelt med band som Dance With A Stranger, Åge, Tre Små Kinesere. Forvent heftige rytmar, tett samspel, spanande arrangement, speleglede, spontanitet,  laussluppen humor – i det heile tatt, dette er eit sjåverdig og høyreverdig band!

Eilert Ottem – vokal
Gunnar Andreas Berg – gitar
Mattis Kleppen – bass
Morten Huuse – keyboard
Trond Kopperud – trommer

Billetter.

LAURDAG 2.7.16

Kl 1300 FOSSAJAZZ
Ingdalsfozzen. Fri inngang – hatten går. Parkering v/ Ingdalen Velforening. kr 50,-

12795098_10153956347176405_7581999574018386471_o

Foto: Ole Ekker

Fossajazz, der musikarane står rundt kulpen i den vakre Ingdalsfossen og spelar jazz. Kirsti Huke er årets fossajazzprofil. Gjennom samarbeid med ei lang rekke profilerte band og artistar samt kritikarroste soloutgjevingar, er den allsidige songaren Kirsti Huke ein heilt sentral skikkelse i norsk jazzliv. Med seg i fossen har ho eit superkomp med fossajazzveteranen Ola Kvernberg i spissen. Her blir det standardlåtar og speleglede og rik anledning til å ta ein dukkert!

Kirsti Huke – vokal
Ola Kvernberg – fiolin
John Pål Inderberg – sax
Julian Bjorå – bass
Håkon Mjåset Johansen – trommer

Kl 1600 FOTBALLKAMP
Åsmyra stadion, Inngang kr. 30,- (gratis /u 16 år)

Festivalkampen er attende i kjend fasong. Grønningen FK – eit splitter nytt fotballag har allereie rukket å skape blest i Lensvik. Grønningen FK tek i mot Orkanger 2 til det vi håper blir ein underhaldande kamp i 6. divisjon, mellom to rivalar!

Kiosk og grilling ved Lensvik IL, fotball avd.

Kl 2300 GRØNN
Lensvik kai. Kr. 250,-

Vi avsluttar Kibnebfestivalen med rockekonsert på GRØNN. Vokalistane Erik Wenberg Jacobsen, Kirsti Huke og Hans Petter Nilsen lover moves og fengande låtar, og publikum skal få vera med og synge eviggrøne refreng inn i den lyse Lensviknatta!gronn

Grønnbandet består av:
Knut Anders Vestad – keyboard
Mattis Kleppen – bass
Gunnar Andreas Berg – gitar
Håvard Sterten – trommer
Håkon Mjåset Johansen – trommer

Billetter.